Få med deg - og bli med på - Fjuken sine førjulssprell i desember

Leiting etter Fjuken-bamse hjå bedrifter og butikkar i Ottadalen, rebuskonkurranse med Fjuken-nissen, og ynskjereprise av videokalender med karakterane Ola Sørøvre og Fjuken-nissen. 1. desember brakar det laus med årets førjulssprell i lokalavisa.

Adventstid: Fjuken byr på fleire førjulssprell i desember., med skråsikre Ola Sørøvre, Fjuken-nissen, og Fjuken-bamsen.   Foto: Montasje/Terje Randen

Nyheiter

Snart skriv vi desember, og som så mange andre vil også Fjuken telje ned til jul, i form av adventskalender. Faktisk har vi heile tre kalendrar å by på i år, og vi håpar du vil ta del i éin eller fleire av dei fram til jul.

Finn Fjuken-bamsen

I år som i fjor vil Fjuken - saman med næringslivet i Skjåk, Lom og Vågå - laga ein spennande og triveleg julekalender.

Kvar dag i desember til og med juleftan vil det bli sett ut ein liten «julenissebamse» med Fjuken-logo i ei bedrift eller ein butikk i Ottadalen.

Finn du bamsen, er han din til odel og eige. Kanskje vil det også vanke ein liten førjulspremie frå bedrifta der Fjuken-bamsen sit ...

Det einaste du må gjera er å få einkvan i butikken eller bedrifta til å ta bilde av deg saman med bamsen når du har funne han. Vinnarar vil bli presentert både i papiravisa og på nettsida.

På nettsida vil det kvar dag bli lagt ut eit lite hint om kvar bamsen kan vera å finne den aktuelle dagen.

Kvar er Fjuken-nissen?

Kvar dag frå 1. til og med 24. desember er Fjuken-nissen på tur i Ottadalen. Det kan vera i ein butikk, ei grend, på ein veg eller kvar som helst.

Ved hjelp av dagens bilde som blir lagt ut, skal du finne ut kvar nissen er, og samle bokstavar som etter den 24. desember skal stokkast om og setjast saman til ei setning.

Du vil få informasjon om kva for ein bokstav nissen er ute etter kvar dag. Den 24. desember får du dessutan eit hint om løysinga, som skal bli ei setning på 24 bokstavar. Da får du også beskjed om korleis du skal sende inn svaret ditt til oss.

Éin vinnar som greier rebusen vil få ein Fjuken-bag med årsabonnement på Fjuken og den nye utgåva av «Målet i Lom og Skjåk».

Ynskjereprise

Hugsar du Fjuken sin videokalender som vart spelt inn og synt i desember i 2014? Fleire har kome med ynskje om at vi sender oppatt denne kalenderen, der skråsikre Ola Sørøvre, og den stillferdige Fjuken-nissen er hovudpersonar.

Kvar dag frå 1. desember legg vi ut ei ny episode, til glede for dei som ynskjer å sjå oppatt 2014-kalenderen - og til glede for dei som ikkje har sett videokalenderen tidlegare.

Vi gjer merksam på at dette er ei reprise, og at det difor ikkje er noko konkurransar knytt til kalenderen, slik det kjem fram i videoane.

Ope for alle

Alle Fjuken sine førjulssprell vil liggje ope for alle på fjuken.no, altså ikkje bak betalingsmur. Fylg med i vår eigne «julesprell-etasje» på framsida kvar dag i perioden 1.-24. desember .

Lykke til - og kos deg!