Forsikringsselskapet om hussak i Skjåk: – Det har vore vanskeleg

Kommunikasjonsdirektøren i Fremtind Forsikring håpar det snart ordnar seg for ekteparet Dagsgard, som to år etter flaumen i 2018 ennå lever i uvissa. Nå tek forsikringsselskapet sterkare grep for å raskast mogleg koma fram til ei løysing.

Håpar på snarleg avklaring: Kommunikasjonsdirektør Kristin Vetleseter i Fremtind Forsikring håpar på ei avklaring for ekteparet Dagsgard i Skjåk, som mista huset i flaumen i 2018.   Foto: Pressefoto

Nyheiter

Framleis i uvissa etter flaumen for to år sidan: – Vi føler at livet vårt er sett på vent

– Hadde vi vore av dei som mistar nattesømnen, så hadde vi ikkje sove dei siste to åra.


For nokre veker sidan skreiv Fjuken om ekteparet Per Thorstein og Synnøve Dagsgard i Skjåk, som mista huset sitt i Insutrivegen i Bismo, i oktoberflaumen i 2018. I to år har dei venta på ei avklaring på grunn av ein tvist mellom forsikringsselskapet og Skjåk kommune. Forsikringsselskapet har heile tida meint at det flaumråka huset til Dagsgard skal byggjast oppatt der det står, men Skjåk kommune seier nei til det, med bakgrunn i at området i fylgje flaumkartet kan vera utsett for nye flaumar i framtida. I tillegg er området regulert til næringsområde.