Tek med seg heile familien til Lom

Tonje Barkenæs Eggen (35) frå Asker er tilsett som tenesteleiar for helse og meistring i Lom kommune. Neste år blir heile familien med på flyttelasset til Lom.

Mot flyttestraumen: Tonje Barkenæs Eggen og hennar «lomske» familie er på flyttefot frå Asker til Lom.   Foto: Privat

Nyheiter

– Vi gler oss stort. Eg har alltid hatt eit varmt hjarte for Lom, og eg har vore mykje i Lom opp gjennom åra – også lenge før eg møtte Stein Magne, fortel ei blid Tonje når Fjuken slår på tråden.