MEINING:

Coronastøtte - kva er det?

Nyheiter

Coronastøtte,- kva er det, kva er meininga med den, og kva for krav er det for å søkja om, og få tildelt slik støtte?
Ut ifrå det eg har fått med meg via aviser, radio og fjernsyn, skulle dette vera eit bidrag til firma og virksomheiter som kan visa til omsetningstap p.g.a Coronapandemien og at omsetningstapet må vera på minst 30 % over ei viss tid.

I Fjuken nummer 42 er det publisert ei liste over tildelingar i Lom, og i nummer 43 kom Vågå med sine tildelingar.
Tildelingane er det kommuna ved formannskapet som står for, etter det eg forstår. Når eg ser
det som er oppgjeve som grunn for dei fleste tildelingene, undrar eg på om eg har misforstått heile ordninga.
Det er påbygg på sauefjøs, skifte av tak på hus, ombyggjing av låve og fjøs, standardheving av hytter o.s.v.

Eg slit med å forstå kva alt dette har med omsetningstap grunna pandemien å gjera, men eg er kanskje heilt på bærtur?
Som alle sikkert er kjent med, så har vi tusenvis med vanlege arbeidstakarar rundt oss som har mista arbeidet sitt eller permiterte, og som måtte venta i vekevis/månadsvis på dagpengar og hjelp til rekningar og til det daglege brød, og så blir det delt ut gåver nær sagt i hytt og pine!

Det er da vel andre instansar der ein kan søkja om tilskot til slike formål som dette?
Kva med påbygg på vanleg bolig,- kan ein søkja om Coronastøtte til det tru???
Vil setja stor pris på om formannskapet vil koma med ei utgreiing om vilkåra dei har å retta seg etter for denne gåveutdelinga.
Er det noko der som vi vanlege dødelege ikkje har fått med oss eller forstått tru?