Bli med på «Vinterles»

Biblioteka i Nord- Gudbrandsdalen er i gang med sin femte sesong av lesekampanjen «Vinterles» for vaksne.

«Vinterles»: Biblioteka i regionen er i gang med ei ny lesekampanje for vaksne. 

Nyheiter

«Vinterles» starta 1. november, og går fram til 15. mars. Målet med lesekampanjen er å inspirere vaksne til å lesa bøker, og gjerne konkurrere litt om å lesa flest mogleg - på same måte som lesekampanjen «Sommarles» for barn. Alle biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen er med på lesekampanjen «Vinterles».

Alle deltakarane får skjema der dei skal fylle ut kva bøker dei har lese. Når ein har lese fem bøker, blir ein premiert.

Lesekampanjen blir avslutta våren 2021, med forfattarbesøk av Lars Mytting.