Reidar Aurmo har skifta klubb og byrja på høgskule:

– Greit med eit skifte

Reidar Aurmo har gjort fleire endringer inn mot det som blir hans siste sesong på juniornivå. Lomværen har bytt både skule, klubb og bustad etter at han har tilbrakt dei tre siste åra ved Wang Toppidrettsgymnas på Hamar.

Nye rammer: Reidar Aurmo har trent bra og ser fram til å koma i gang med ein ny sesong. Denne vinteren skal han representere Lillehammer skiklubb. 

Nyheiter

– Eg hadde tre fine år både på skulen, i Hamar skiklubb og Hamar by. Men eg konkluderte med at det kunne vera greit med eit miljøskifte da eg i juni var ferdig med tre års skulegang i Hamar, seier Reidar som på sommaren rydda hybelen og fløtte heim til Lom for ein kortare periode.