Nå får alle kommunane i Innlandet tilbod om å setja opp ei dagsturhytte

Målet er at alle kommunane i Innlandet har sett opp ei dagsturhytte i løpet av 2025.

Dagstur Ei dagsturhytte skal liggje nær der folk bur, og ikkje så langt unna busetnad som Vuludalen vest i Skjåk.  Foto: Arkiv/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Fylkesutvalet i Innlandet vedtok tidlegare i år at kommunane i fylket skal få sine dagsturhytter. Ideen kjem frå tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune, der alle 26 kommunane fekk sett opp ei dagsturhytte på ei sjølvvald tomt. Dagsturhyttene i Vestland er flittig besøkt av både fastbuande og tilreisande. Nå er det Innlandet sin tur. I haust får alle dei 46 kommunane i fylket tilbod om å sette opp ei dagsturhytte.