– Det nyttar ikkje å koma hit utan hentekode for å hente pakkar

– Det er enorme mengder med pakkar som kjem kvar dag, og det er viktig at folk kjem og hentar dei så snart dei har høve. Men hugs å ta med hentekoda.

Fullt: Nils Rusten og Grete Aune Ulen på Bunnpris i Bismo har mange pakkar å ta seg av i Post i butikk kvar einaste dag. Dei oppmodar folk om å ta med seg hentekode og kome og hente pakkane sine.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier butikksjef på Bunnpris i Bismo, Grete Aune Ulen. Ho ber kundane kome og hente pakkane sine i Post i butikk.

– Mange er flinke til å hente pakkane sine tidleg, men det er heller ikkje uvanleg at pakkar blir liggjande her mange dagar, og til og med eit par veker, før dei blir henta, seier Aune Ulen.

Heilt sidan i sommar har butikksjefen sett at mengda med pakkar har auka, og grunnen til dette meiner ho er koronapandemien. Nå er julehandelen i gang, og kvar dag kjem Posten og PostNord med haugevis av pakkar til butikken.

– Det er tydeleg at mange netthandlar om dagen. Sjølv om folk blir oppmoda om å handle på nett på grunn av korona, tykkjer eg det er viktig at folk handlar det dei kan lokalt. Og handlar ein på nettet, bør ein altså ta med seg hentekoda og kome og hente pakka si så fort ein har høve. Dette er ikkje noko lagerplass for julegåver. Når det er slik som nå nyttar det ikkje å koma hit utan hentelapp eller hentekode. Vi har rett og slett ikkje kapasitet til å drive med leiting etter pakkar i dei store mengdene vi har her om dagen, seier Grete Aune Ulen.