Stengde fjellovergangar

Fjellovergangane i distriktet er torsdag føremiddag stengd grunna uvêr.

Stengt: Det er stengde fjellovergangar torsdag grunna uvêr. Her frå Billingen på rv15 mellom Skjåk og Stryn.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Nyheiter

Rv15 Skjåk-Stryn, Fv51 Valdresflye og Fv55 Sognefjellet er alle stengd torsdag føremiddag grunna uvêr. Det melder Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen.

Fylkesvegane har ikkje vore opne over fjellet i det heile teke torsdag, medan riksveg 15 vart stengd rett før klokka 11.