Mangel på svinekjøt skapar vanskar for lokale matprodusentar: – Spente på å sjå om vi får det vi treng til jul

Sylte og kjøtkaker er noko alle vil ha til jul. I år er spørsmålet om det blir nok til alle. Grunnen er underproduksjon av svinekjøt. Moens Kjøttforetning i Vågå og Mogard gardsmat i Skjåk er to produsentar som er råka av mangelen på kjøt.

Kjøtkaker: I disken hjå Moens Kjøtforetning ligg det klare posar med kjøtkaker til kundar som har bestilt. Svein Moen håpar at dei får nok svinekjøt i tida fram mot jul, slik at andre også får kjøpt seg julemat. Sylte blir det ikkje i år. Prioriteten er kjøtkaker, ekte «Hjalmarkjøtkaker».  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

«Hjalmarkjøtkaker» er eit kjent og innarbeidd uttrykk i Vågå.