Desse har etablert eit nytt beredskapstilbod i Lom og Vågå

Morten Hammeren, Kjell Petter Syvergaard, Magne Steinehaugen og Tåsten Nordal har etablert Innlandet Droneberedskap. Alle fire er knytt til hjelpekorpsa i Lom og Vågå.

Innlandet Droneberedskap: Denne gjengen utgjer det nyetablerte Innlandet Droneberedskap. Frå venstre: Magne Steinehaugen, Kjell Petter Syvergaard, Morten Hammer og Tåsten Nordal. Alle er knytt til redningstenesta gjennom hjelpekorpsa i Lom og Vågå.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I helga vart Morten Hammeren og Kjell Petter Syvergaard sertifiserte som dronepilotar. Drona dei skal flyge er ikkje noko leiketøy, men eit viktig hjelpemiddel i redningsaksjonar.