Firedagars veke for 1. klasse og femdagars veke for 2. klasse:

– Det er gjennomførbart

– Konklusjonen er at det er gjennomførbart å ha ei ordning der 1. klasse går firedagars veke og 2. klasse går femdagars veke.

Det går an: Fleirtalsinnstillinga frå Levekårsutvalet, om at 1. klasse går fire dagar i veka og 2. klasse går 5 dagar i veka, er gjennomførbar.. 

Nyheiter

Administrasjonen i Lom kommune har kome med svar på spørsmålet Rolv Enersvold (Sp) stilte i møtet i Levekårsutvalet tidlegare denne veka: Er det gjennomførbart at 1. klasse held fram som i dag, med fire dagars skuleveke – og at 2. klasse får femdagars veke?