Kva slag tilbod skal NGLMS ha?

Det er nedsett ei arbeidsgruppe, beståande av både lek- og fagfolk, som skal sjå på mogelgeheitene til å utvikle og få nye tilbod til pasientar i Nord-Gudbrandsdalen.

NGLMS: Det skal kartleggjast kva tilbod som kan utviklast på lokalmedisinsk senter på Otta.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Kristen Mathias Hyrve frå Skjåk sit i gruppa, som elles mellom anna består av overlege Bjørn Steinar Storvik på Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinsk senter på Otta (NGLMS), kommunalsjef i Lom, Synne Skogsrud og rådgjevar ved sjukehuset Innlandet, Morten Lang-Ree. Assisterande divisjonsdirektør Ane Kaurstad er leiar.

– Det vi i fyrste omgang ynskjer å gjera, er å kartlegge kva type pasientgrupper det kan vera aktuelt for å få oppfølgjing på LMS på Otta. Det er pasientgrupper som gjerne må reise til Gjøvik eller Lillehammer for enkle og greie konsultasjonar, seier Hyrve og nemner hørselshemma som eit konkret eksempel.

For at det skal bli etablert nye tilbod på LMS lyt det vera eit viss volum på etterspurnaden etter ei bestemt teneste.

– Difor oppmodar vi alle lag og foreiningar, eldreråd og råd for funksjonshemma i alle kommunane i regionen, og i fronskommunane, til å koma med innspel, seier Hyrve som ber folk om å ta kontakt med meg eller Morten Lang-Ree, seier Hyrve.

Arbeidsgruppe: Kristen M. Hyrve sit i arbeidsgruppa som skal sjå på tilboda til NGLMS.  Foto: Hans Erik Kjosbakken