Kyrkja slettar over 100.000 «medlemar»

Tilhøyrigordninga opphøyrer ved nyttår. Da sletter Den norske kyrkje alle barn som ikkje er døypt frå medlemsregisteret.

Nordberg kyrkje: Det skal vera eit bevisst val hjå føresette at ungane har eit tilhøyre til kyrkja.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Barn som ikkje er døypt har vorte oppført som «tilhøyrige» i Den norske kyrkje viss ein av dei føresette er medlem. Dette har kyrkjelova pålagt kyrkja å gjera. Ved nyttår blir lova endra, og kyrkja slettar 117.000 tilhøyrige barn frå medlemsregisteret.

Det er nå sendt ut brev til alle det gjeld med informasjon om det.

Tilhøyrigordninga har fleire gonger vorte kritisert. Leiar i Kyrkjerådet, Kristin G. Raaum, seier kyrkja har fulgt lova.

– Når lova nå endrast, slettar vi registeret over tilhøyrige. Derfor er det veldig viktig at dei som ynskjer invitasjon til utdeling av 4-årsboka, småbarnssong og konfirmasjonstid melder frå til kyrkja, seier ho.

– Ungdom mellom 15-18 år er religiøst myndige, og kan sjølv velja å la seg døype for å bli medlem i kyrkja. Desse vil få eit eige brev om dette, seier Kristin G. Raaum.