Det meste er avlyst:

Spesiell vinter for Ola Aurmo

Ola Aurmo vart både skuffa og noko overraska da han fekk beskjed om at junioranes norgescup i langrenn er avlyst. Samstundes har han forståing for at skiforbundet går til det drastiske skrittet og avlyser alle norgescuphelgene.

Motivert: Ola Aurmo er svært motivert sjølv om det ikkje blir nokon norgescup for juniorane i år. Skiforbundet har bestemt seg for å avlyse denne grunna pandemien.  Foto: Svein Halvor Moe

Eg ser fram til å gå for Lom att.

Ola Aurmo
Nyheiter

– Eg var førebudd på at det kunne bli ein litt annan variant av norgescupen dersom koronaen blussa opp att. Men ikkje at alle rennhelgene i januar, februar og mars skulle bli avlyst. Forhåpentlegvis så blir det junior-NM mot slutten av vinteren, seier Ola Aurmo. 17 år gamal Lom-gut som er ein av mange som har hatt den prestisjefylte norgescupen som mål i vinter.