Bil av vegen - svært glatt

Naudetatane rykka ut til eit trafikkuhell i Rustvegen.
Nyheiter

Politiet melder at ein bil har køyrt av Rustvegen i Vågå.

– Førar kom seg ut av bilen som hamna på sida. Han var einsleg i bilen, melder politiet.

Dei melder også at det er svært glatte vegar i området.