Politiet: Fire nye saker om smittevern i Innlandet

Innlandet politidistrikt har sidan 6. november registrert fire nye straffesaker som omhandlar smittevernlovgjevinga opp mot koronaviruset.
Nyheiter

– Den siste veka er det registrert 4 nye straffesaker knytt til korona i Innlandet politidistrikt. Sakene dreier seg om brot på karantenereglar, heiter det i ei pressemelding frå Innlandet politidistrikt.

Totalt er det registrert 32 straffesaker sidan mars 2020 i Innlandet politidistrikt. Politiet har fått i oppdrag å prioritere kontroll og sanksjonering av brot på smittevernreglane. Dei nye tiltaka frå regjeringa gjeld frå kraft 6. november.

– Saker knytt til brot på smittevernreglane blir avgjort med bøter opp mot 20.000 kroner per tilfelle. Viss næringsverksemd blir bøtelagt, er bøtesatsen opp mot 50.000 kroner. Bøtene vil auke ved gjentekne brot eller andre skjerpande omstende. I særleg alvorlege eller gjentekne tilfelle, kan det også vera aktuelt med fengselsstraff, opplyser politiet.