Iver, Imbert og Estin tek med Norge Rundt ned til lokomotivet 70 meter under bakken

I kveld kjem det innslag frå Norge Rundt på NRK frå Bårstadgruvene på Lalm.

Lokomotiv: Iver, Imbert og Estin Kleiven ved lokomotivet som står i ei gruvesjakt 70 meter under bakken på Bårstad.   Foto: Even Lusæter/NRK

Nyheiter

Nede i ei samanrasa og nedisa gruvesjakt i Bårstadgruvene, står to lokomotiv. Like intakt som da gruvearbeidarane sette dei frå seg for over tretti år sidan.