I år blir det ikkje vanleg julegateopning i Vågå

Årets julegateopning i Vågåmo blir svært enkel med tenning av juletre og nisse som køyrer med hest og vogn i sentrum.

Slik blir det ikkje i år: Julegateopninga i Vågåmo brukar å samle mykje folk. I år blir det svært enkelt med tenning av julegata og nisse som køyrer gjennom sentrum med hest og vogn. Ungane må i år sjå langt etter gotteposen dei har brukt å fått av nissen. Arkiv  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Julegateopninga i Vågåmo er ein tradisjon mange ser fram til, særleg ungar.