– Vi kjem til å sakne deg, Are

«Bibliotek-Are» skal slutte. I løpet av helga flytter han til Vang i Valdres.

Populær: Are Flaten har fått både avskjedsgåver og gode ord frå lånarane dei siste dagane.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Trist. Eg kjem til å sakne deg. Takk for at du har vore så dyktig til å formidle bøker og tusen takk for at du alltid har vore så blid og hjelpsam. Eg har med meg ei lita avskjedsgåve til deg, sa Liv Kari Horten da ho stakk innom biblioteket torsdag denne veka.