Skjåk Historielag er i gang med digitalisering av ei rekkje gamle filmopptak: – Viktig for framtida

– Dei gamle filmopptaka har ein stor verdi for arkivet vårt, og ved å digitalisere mykje av dette materialet, sikrar vi kvaliteten og gjer filmane lettare tilgjengeleg for folk flest.

Frå filmrull til data: Gamle private filmopptak i Skjåk Historielag sitt arkiv blir nå digitalisert. – Dette gjer at det blir enklare tilgang på filmane i framtida, fortel leiar i historielaget, Stein Grjotheim (t.h.). Kai Rune Melby har fått jobben med å digitalisere dei mange opptaka med film.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier leiar i Skjåk Historielag, Stein Grjotheim. Opp gjennom åra har historielaget fått inn mykje privat filmmateriale på både 8mm og 16mm filmrullar og VHS, og opptaka har vore trygt lagra i arkivet. Nå har Skjåk Historielag bestemt seg for å spela mykje av materialet over på DVD og lage digitale filar.