Coop lokkar med kredittkort med medlemsfordelar, men ikkje alle får: – Dette er ei prinsippsak

– Er ikkje Coop butikken for minstepensjonistar? undrar Kari og Per Steinar Løkken.

Kredittkort: Per Steinar Løkken meiner minstepensjonistar blir diskriminert av Coop Norge, sidan dei ikkje kan få eit kredittkort med ekstra medlemsfordelar.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Ekteparet Kari og Per Steinar Løkken i Bismo har vore Coop-medlemar, og trufaste kundar, i 40 år. Nyleg søkte dei om kjedas eige kredittkort, som ville gje fleire kundefordelar.