DNT Gudbrandsdalen skrinlegg Dronningsetra

Styret i DNT Gudbrandsdalen går inn for å trekkje byggesøknaden for Dronningsetra før Fylkesmannen har behandla klagene.

Trekkjer byggjesøknad: Styret i DNT Gudbrandsdalen skrinlegg planane om å byggje sjølvbetjingshytta Dronningsetra. Nå blir byggjesøknaden trekt før Fylkesmannen har behandla saka.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Det er trist. Vi har hatt frykteleg lyst til å skape ein open, tilgjengeleg friluftsarena på vestsida av Gudbrandsdalen for lokalsamfunnet. Men eg er nok mest lei meg på vegne av alle støttespelarane våre i lokalmiljøet, friviljuge og tillitsvalte i organisasjonen vår som har stått på for dette prosjektet, seier styreleiar Magnar Bratlien, i ei pressemelding.