Stengjer Vågåheimen for besøkjande

Vågå kommune har vedteke nye tiltak for å avgrense smittespreiing av Covid-19. Frå tysdag 10. november blir Vågåheimen stengt for besøkjande.

Stengjer: Vågåheimen blir stengt for besøkjande.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Måndag vedtok Vågå kommune nye tiltak for å avgrense smittespreiing. Det melder kommunen på si heimeside.

I praksis betyr det at kommunen frå tysdag 10. november stengjer Vågåheimen for besøkjande.

Det kan vera mogleg med unnatak ved særskilte tilfelle, men dette må avtalast med Vågåheimen.

I kommunen sine bufellesskap vil ein ikkje ta imot besøkjande på fellesareala. Alt besøk skal gå føre seg i den enkelte si leilegheit.

Pasientar og brukarar som deltek på aktivitetar blir delt i kohortar og det vil elles bli skjerpa smitteverntiltak både i aktiviteten og ved transport til og frå.

Tilsette som har vore på besøk i «raude» delar av Noreg, eller har hatt besøk av personar frå desse område, skal bruke smittevernutstyr ved all pasientpleie.

Vågå kommune melder at dei held fram med koronatelefonen på kvardagar mellom 08.00-20.00. Det vil før helga bli teke ny vurdering om koronatelefonen skal vera operativ gjennom helga.

Endringar eller etablering av nye smitteverntiltak vil kunne skje fortløpande og kommunen ber alle å halde seg oppdaterte på Vågå kommune si heimeside og FHI sine nettside.