Budsjett og økonomiplan for Vågå kommune:

– Det er ikkje noko å drive politikk for i år

– Tiltaka vi har kjempa for, ligg allereie inne i budsjettet, sa Geir Inge Stadeløkken (Ap) da formannskapet behandla budsjett og økonomiplan tysdag.

Politikk: Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan førte ikkje til nokon stor debatt i formannskapet tysdag. – Det er ikkje noko å drive politikk for i år, sa Geir Inge Stadeløkken (Ap). Nærast han sit Live Langøygard (Ap) økonomisjef Frank Roger Vangen, kommunedirektør Jan Egil Fossmo og ordførar Harald Sve Bjørndal.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Investeringsbudsjettet er skore ned til det realistiske. Lånegjelda i framtida er ikkje uoverkommeleg. Vi har fått føtene på jorda att, slo Stadeløkken fast.