Hærverk i Sjårdalen

I løpet av helga har det vore hærverk i Sjårdalen.
Nyheiter

Politibetjent Roger Haugen, ved lensmannskontoret i Lom, opplyser at det i løpet av helga har vore gjort hærverk på fire postkasser i Sjårdalen i Vågå.

– Einkvan har rivi ned fire postkasser og slengt dei og innhaldet frå seg. Veit einkvan noko om dette, er vi svært interessert i opplysningar, seier Haugen.

I Skjåk var det også tendenser til hærverk i helga, mellom anna vart fleire vegskilt nedskrudd.