Natt til sundag skal klokka stillast

Vi nærmar oss vintertid og klokkestilling.

Klokka: Natt til sundag startar vintertida. Da skal klokka stillast ein time attende.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Ein grei hugseregel er at klokka heile tida skal stillast mot nærmaste sommar, altså ein time fram om våren og ein time attende om hausten.

Dette betyr at vi får ein ekstra time natt til sundag 25. oktober. Da skal nemleg klokka stillast, og vi går over til vintertid.

Europakommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikle ordninga med å stille klokka fram og attende, og mange lurar på kva som er status for forslaget. Det er framleis uvisst korleis det blir. Rådet har nemleg ikkje vedteke forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram, og som EU-parlamentet gjekk inn for i fjor.

Det er førebels ikkje klart om ein vil arbeide vidare med forslaget i EU.