Krafttak mot kreft

Russen i Lom engasjerer seg kvart år ved å gjera ein innsats for Kreftforeningen. Lomsrussen 2021 er ikkje noko unnatak.

Fin gjeng: Eit rosakledd russekull – og lærarane – stiller opp for kreftsaka.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Den internasjonale folkerørsla «Rosa sløyfe» blir markert over heile verda i oktober kvart år. Målet med aksjonen er å syne solidaritet med dei som blir ramma, auke kunnskapen om brystkreft og gje støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt.