Turistveg med historisk sus

Den nasjonale turistvegen mellom Grotli i Skjåk og Videseter i Stryn er ein attraksjon i seg sjølv, og har imponert reisande i over 100 år.

Turistveg: Turistvegen mellom Skjåk og Stryn har lang historie. Dette motivet er teke vest for Storbrakka, mot Tystigen. Bildet er teke ein gong mellom 1900 og 1910.   Foto: Postkort utgjeve av G. B (Gudbrandsdal Bokhandel)

Nyheiter

Strynsfjellvegen. Gamle Strynefjellsvegen. Fylkesveg 258. Kjær veg har mange namn! Den verna nasjonale turistvegen mellom aust og vest er éin av landets fyrste turistvegar, og vart bygd for hand på slutten av 1800-talet. Vegen stod klar i 1894, og er i seg sjølv ein attraksjon og eit vitnemål om eit meisterstykke innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid.