Kunst og handverklærarane attende på skulebenken: – Dette er heilt eineståande

I helga vart pilotprosjektet «Opne sløydsalane» sett i gang på senter for bygdekultur (SFB) på Hjerleid, Dovre.

Engasjert gjeng: Sju lærarar i Nord-Gudbrandsdalen deltek på kurs for å utdjupe sløydkompetansen sin. F.v.: Vibeke Repstad frå Sel, Birgit Bergsangard frå Dovre, Kjersti Myrehagen frå Heidal, Anita Sandviken frå Lom, Randi Rust frå Skjåk, Gudrun Veigel Gaukstad frå Lom, og Jarleif Ellingbø frå Skjåk. Foran står kursleiar Robert Wiik.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheiter

Prosjektet er ei kursrekke som skal gje kunst- og handverklærarar i grunnskulen opplæring i trearbeid og sløyd. Kurset blir organisert som praktisk opplæring på Hjerleid, så lærarane kan få undervisningsopplegg med seg heim til skulen og bli tryggare på å lære elevane å jobbe med tre som materiale, maskinar og verktøy.