FN-dagen blir markert i Skjåk

Skjåk kommune, kyrkjekontoret og FN-veteranar arbeider med å markere FN-dagen 24. oktober.

FN: 24. oktober er den internasjonale FN-dagen. Her eit bilde frå hovudkvarteret i New York.   Foto: Skjermdump FN.no

Nyheiter

– Grunna korona-situasjonen er det vanskeleg å bestemme noko heilt eksakt ennå, seier ein av initiativtakarane, Øystein Tofte. Vi satsar på ei markering i Bismo den 24, kanskje med eit foredrag om FN, fortel han.

Sundag blir det ei markering i Nordberg kyrkje, og etter gudstenesta blir det enkel servering i kyrkjestugu.

Det skal òg vera ei utstilling i samband med FN på biblioteket i Bismo veka før sjølve dagen.

Utstillinga blir flytta til kyrkjestugu i Nordberg slik at ein kan sjå denne etter messa.