Bil av vegen i Sjodalen

For tredje dag på rad melder politiet om utkøyringar. Det er vinterføre i høgda.
Nyheiter

Ein bil har køyrt i grøfta på fylkesveg 51 ved Veo bru.

– Personen i bilen er ute og oppegåande. Det er glatt på staden, melder politiet.

Det er vinterføre i høgda og på fjellovergangane sundag. Å køyre med sommardekk i fjellet er ikkje tilrådeleg.