Bil av vegen ved Billingen - svært glatt

Ein bil har køyrt av vegen, politiet melder at det er svært glatt.

Det er glatt i Billingsdalen. Her frå bommen i Eldhusgrende.  Foto: Skjermdunp/Statens vegvesen

Nyheiter

Føraren av bilen, som køyrde av vegen laurdag kveld, er ute av bilen og oppegåande. Ulykka skal ha skjedd på riksveg 15 ved Billingen.

Vegsentralen er varsla om behov for strøing og naudetatane erpå veg.