– Eg har eit varmt hjarte for Lom

Det er seks månader sidan Elin Fjeldberg vart tilsett som ny administrasjonssjef i Lom. Prøvetida er over.

Den største utfordringa: – Å tilpasse seg dei økonoiske rammene er den største utfordringa for Lom. Desse er, som vi veit, i sterk grad avhengig av folketalet. Det store spørsmålet er om vi greier å tenkje nytt og ikkje berre halde fram på same måten som før - for det kan vi ikkje, seier administrasjonssjef Elin Fjeldberg.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det siste halvåret har vore spennande og innhaldsrikt. Å byrje i ny jobb, bli kjent med organisasjonen, kulturen og folket samstundes som ein ikkje fysisk kunne møte folk på grunn av pandemien, var spesielt.