Ver obs! Det kan vera glatt og snø kan stenge fjellovergangar

Sjølv om vêret er flott og vegen er bar, kan det vera ekstremt glatt.

Glatt: Det er mange glatte parti etter riksveg 15 i Billingsdqalen og aust til Bismo.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Torsdag efta var det ei trafikkulykke i Bøverdalen grunna såpeglatt veg. Også fredag er det enkelte parti etter riks- og fylkesvegar som er ekstremt glatte. Dette gjeld i skyggeparti, der vegen har «slått seg» og det har danna seg ei ishinne.

Det er meldt snø ned til 200-400 meter i løpet av helga. Det gjer at både Trollstigen og Geiranger-Langvatn kan bli stengt på kort varsel.

– Høgste punkt på Trollstigen er 852 meter over havet og på strekningen Geiranger-Langvatn er vi over 1.000 meter over havet. Om det kjem snø som legg seg på vegane vil dei bli stengde på kort varsel. Folk som planlegg å køyre her må sjekke vegmeldingane og vera førebudd på at vegen kan bli stengt, seier byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Båe vegane blir normalt stengt for vinteren i november/desember.

Det er meldt fare for snø ned til 200-400 meter over store delar av Møre og Romsdal i helga. Trafikantar som planlegg å køyre i høgden bør forsikre seg om at dei er skodd etter føret og tilpasse farta etter forholda. Trafikkmeldingar og webkamera frå vegane finst på www.175.no.