Syklar frå Cape Town til Nordkapp: – Mange flotte landskap og mykje trivelege folk

Ho har vore jaga av elefantar i Botswana, feira jul på toppen av Mount Kenya, og sykla gjennom ørkenen i Sudan i nesten 50 varmegrader. Nå har Teresie også fått smakt bollane på Bakeriet i Lom, og fått omvising på Steinsenteret.

På langtur: Teresie Hommersand frå Sandnes syklar frå Cape Town i Sør-Afrika til Nordkapp, ein sykkeltur ho starta sommaren 2017. Denne veka var ho i Lom.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er godt over tre år sidan Teresie Hommersand frå Sandnes sette seg på sykkelsetet i Cape Town i Sør-Afrika, og starta på den lange reisa heim til Noreg. Målet er Nordkapp.