Bil av vegen på Lalm - ingen personskade

Det er meldt om glatte parti på vegane i Ottadalen.
Nyheiter

Ein bil hamna i grøfta langs Industrivegen på Lalm fredag kveld.

Vakthavande på operasjonssentralen hjå Politiet i Innlandet fortel at både politi og ambulanse var på staden, men at det heldigvis ikkje er tale om personskade, kun materielle skadar.

Det er stadvis glatt mange stader i Ottadalen.