Trafikkulykke i Bøverdalen - svært glatt

To personar er sendt til sjekk på legevakt.
Nyheiter

Ein bil hamna på taket ved Eldrihaugen i Bøverdalen torsdag efta. To personar er sendt til legesjekk på Otta.

– Det er snakk om skrubbsår og mindre skadar, opplyser politiet som elles fortel at det er svært glatt på staden.

Vegen er nå strødd.