Ingen smittetilfelle i Ottadalen

Pandemien held fram, men det er ikkje registrert koronasmitte i Ottadalen.
Nyheiter

Sjølv om smittetilfella fleire stader i landet er aukande, er det per 14. oktober ikkje registrert nokon med smitte i ottadalskommunane.

Enkelte medium kan melde om smittetilfelle knytt til kommunane våre, men dette kan gjelde personar som er folkeregistrert i Ottadalen, men som ikkje bur her til dagleg.