Fryktar at seterstulen kan bli rasert om Råkå tek nytt far

– Tida går. Nå hastar det med å få gjort noko med Råkå før elva raserer ein heil seterstul.

Møte på Vangen: Setereigarar og representantar frå Finndalsvegen møtte ordførarane Edel Kveen og Bjarne Eiolf Holø, og stortingsrepresentant Bengt Fasteraune, som fekk ei grundig orientering om førebyggjande tiltak mot nye flaumskader i Finna og Råkå. Frå venstre står Rolv Kjeka, Edel Kveen, Bengt Fasteraune, Bjarne Eiolf Holø, Jarle Sveen, Hallgeir Vang, Arne Bergon, Rolv Kristen Øygard, Arve Bakken, Odin Hagen og Berta Sveen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det sa Rolv Kristen Øygard da han saman med andre setereigarar og representantar frå Finndalsvegen møtte ordførarane Edel Kveen og Bjarne Eiolf Holø, og stortingsrepresentant Bengt Fasteraune ved Vangen inst i Finndalen måndag.