16 tonn tung «hette» i stål over doen på Oscarshaug

Stålkonstruksjon skal beskytte toalettbygget på rasteplassen Oscarshaug ved den nasjonale turistvegen, fylkesveg 55, over Sognefjellet.

Ståldo: Slik ser det ut ved Oscarshaug etter at dohetta er komen på plass.  Foto: Frid-Jorunn Stabell/Statens vegvesen

Nyheiter

Oscarshaug er ein godt besøkt rasteplass for vegfarande langs Sognefjellet, men servicefasilitetane på staden har lenge vore modne for eit løft. Eit 16 tonn tungt løft har Statens vegvesen bestemt.

– For å beskytte toalettet mot vêr og vind har vi, framfor å bytte panel og tette tak, vald å heise og sveise på plass ei toaletthette i stål over det eksisterande toalettbygget, seier Werner Harstad, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Sognefjellet i Statens vegvesen.