Skal transportere utstyr med ATV innover Russdalen

Stokk & Stein skal onsdag 14. oktober på ei synfaring og demontering av bru over Blåtjønnåe ved Russvatnet. Dei har søkt om løyve til motorferdsel for transport av utstyr både til lands og på vatn.

Russdalen: Stokk og Stein skal transportere utstyr for fjerning av mellombels bru ved Blåtjønnåe innover Russdalen. Kjerrevegen/køyrespor går ved sidan av Russa.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Stokk & Stein har på vegne av DNT Oslo og Omegn søkt Vågå kommune og Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen om løyve til bruk av ATV etter kjerreveg/køyrespor innover Russdalen og motorbåt på Russvatnet for å gjere synfaring av den øydelagde brua over Blåtjønnåe med tanke på permanent istandsetjing av brua.