Sjå kven som er vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ein gut som har fylt seks år.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Storm Egea Gaukstad frå Lom som vart 6 år den 9. oktober.

Du får ei helsing i posten frå Fjuken, Storm!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.