Gamle hus på Stokstad skal bli hotell og restaurant med lokal mat og kulturprofil

På Stokstad nedre skal Sjårdalen få sin fyrste restaurant med lokalprodusert mat og hotell med overnatting i sju hus og 18 høgstandard rom.

Hotellrom på låven Det er solide stokkar Dag Lindvig har brukt i reisverket som den gamle låven skal stå på. Tømmeret har han saga sjølv, av krokete grantre frå eiga skog. – Krokete grantre er det ingen som vil ha. Eg vil vise at det går an å bruke det i byggjearbeid, seier Dag Lindvig. Her står han saman med dottera Ilse. Dette bygget med låven oppå skal huse fem «glasrom» av høg standard til overnatting.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Dag Lindvig er ein «paur» - ein som er hard til å drive på.