– Både det å halde kontakten med menneska rundt seg, vera i aktivitet og ikkje minst ha gode naturopplevingar er gull for den psykiske helsa vår, seier Siri Meland, fungerande generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
I høve verdsdagen for psykisk helse har fellesorganisasjonen for 18 friluftslivsorganisasjonar ein klar bodskap. Dei vil at vi skal bli flinkare til å invitere kvarandre med på tur.
Uroar oss mindre ute
I ei Ipsos-undersøking frå i vår oppga 90 prosent at dei er heilt eller delvis einig i at dei føler seg mindre stressa og lettare til sinns når dei er ute i naturen.
Dette blir også underbygd av forsking.
– Det er bevist at sjølv korte turar i naturen har ein roande effekt på hjernen. I grøne omgjevnader uroar vi oss mindre og opplever meir glede, forklarar Meland.
Praten går lettare
Helsedirektoratet har utarbeidd fem råd for ei sterkare psykisk helse. Eitt av desse handlar om å knytte band til andre menneske.
Meland meiner det er fleire sosiale fordelar ved å gå på tur saman.
– På tur kan praten ofte gå lettare enn når ei sit stille, og ein får også ei felles oppleving. I naturen kan også stillheita kjennast meir behageleg, seier Siri Meland.
Ho understrekar at det er dei nære turane som er viktigast i kvardagen.
– Ein god hugseregel er at turen skal kjennast overkomeleg og lystbetont. Det viktige er at ein kjem seg ut, ikkje kor langt ein har gått, seier ho.