Slik blir den nye idrettslagskiosken i Bismo

Skjåk I L har lenge hatt planar om ein ny kiosk ved anlegget i Bismo.

Ny kiosk: Slik vil den nye kiosken sjå ut. Plasseringa er ikkje klar, men er noko kommunen skal vera med å ta stilling til.   Foto: ill/sebb

Nyheiter

Kiosken som står ved banene i Bismo i dag er trekkfull og skrøpleg. Om kiosken er vaska etter bruk, skal det berre nokre vindkast til før han er klar for nedvask att. Det bles tvert gjennom.