Fel-Jakup-stugu skal flyttast - 200-årsjubileum neste år.

Huset etter kanskje den fremste spelemannen i Skjåk står lite tilgjengeleg til i Nordberg. Historielaget skal nå flytte huset og minnesteinen.

Flytting: Fel-Jakup-stugu skal flyttast til Bångråttjønn-området.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

I 2021 er det 200 år sidan Fel-Jakup, eller Jakob Olsen som er døypenamnet, vart fødd. I samband med dette ynskjer Skjåk historielag å få flytta stugu hans over til Bångråttjønn-sida av riksveg 15, slik at det vil liggje til rette for ei markering av 200-årsjubileumet neste år.