Utvida arbeidstider i tunnelane - arbeidet er venta å vera ferdig sommaren 2021

Grunna sprengingarbeid blir arbeidstidene i Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnelen utvida f.o.m. måndag 12. oktober. 

Kolonne: Det blir mykje kolonnekøyring gjennom tunnelane i vinter, uavhengig av vêrtilhøve og skredfare.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnelen på rv. 15 er under oppgradering, og det skal nå sprengast ut nye snu-nisjar for brøytebilar i alle tre tunnelane. Dette arbeidet vil skje parallelt med utskiftinga av ljosanlegg, som er i gang. I samband med sprenginga lyt tunnelane stengast i lengre periodar om gongen. Arbeidstidene i tunnelane blir difor utvida frå og med måndag 12. oktober.