Sandra dreg til Beirut for å hjelpe: – Eg vil gjera ein forskjell

7. november dreg Sandra Kjeka frå Skjåk til Beirut i Libanon for å vera med å rydde opp etter den katastrofale eksplosjonen den 4. august.

Motorsag: Sandra Kjeka frå Skjåk skal til Beirut i Libanon med Team Rubicon Norge for å hjelpe til med oppryddinga etter den voldsame eksplosjonen i august. Motorsag blir eit viktig hjelpemiddel for henne i det arbeidet.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Ho er ein av 33 friviljuge i organisasjonen Team Rubicon Norge som skal vera med. Team Rubicon Norge er ein veteranbasert katastrofehjelpsorganisasjon der 76 prosent av medlemane består av forsvarsveteranar. Sandra Kjeka er mellom dei 24 prosent sivile som har spesialkompetanse på ulike felt.