Ny rapport frå NGI opnar for utbyggingsplanar i større delar av Vågåmo

– Det betyr mykje for oss at større delar av sentrum nå er friskmelde. Nå kan fleire prosjekt realiserast, blant anna helse- og omsorgsprosjektet til kommunen.

Finna: Flaum- og skredfaren i Finna sette ein stoppar for utviklinga i Vågåmo. Ordførar Harald Sve Bjørndal, prosjektleiar for kommunale bygg Steinar Løkken og kommunalsjef Pål Inge Sanden er glade for at ein ny rapport frå NGI friskmelder eit større område av sentrum.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det seier ordførar Harald Sve Bjørndal etter at han har fått ein ny rapport frå Norges geotekniske institutt (NGI) på bordet som konkluderer med at eit større område av Vågåmo nå er friskmeld frå flaum- og skredfaren frå Finna.